Info treningssenter

Velkommen ÅIL sitt treningssenter!

Treningssenteret blir drive av frivillige i Åseral idrettslag.

Opningstider: 06:00 – 22:00

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med styret i Åseral IL v/leiar telefon 901 29 245.

 

Facebook: ÅIL

Nettside: http://www.aail.no/

Kontonummer:3148.11.00405

Organisasjonsnummer: 975 652 491

Vipps: #506870

 

Det vil ikkje vere ansatte til stades kvar dag, men det vil vere opent kontor kvar måndag klokka 18-19 der ein kan kjøpe abonnement og dermed få tilgang til lokalet.

Planen er å tilby faste treningstimar av ulike slag. Dette er under utvikling.

Treningssenteret har tilbod om personleg trenar, ta kontakt med

Kristine Forgard på telefon 984 71 661.

 

Aldersgrense treningssenter

Du kan kjøpe abonnement det året du fyller 16 år.

Ungdom mellom 13 og 16 år har adgang til treningssenteret berre saman med lærar, instruktør, fysioterapeut eller i kontortida måndagar kl. 18-19 dersom du har gjennomført introkurs.

Ungdom som har teke introkurs har høve til å trene saman med foreldre. Foreldre har då ansvar for sin ungdom.

For meir info om introkurs, ta kontakt med Kristine Forgard, telefon 984 71 661.

 

Prisar for abonnement i treningssenteret

Årskort (12 mnd frå kjøpsdato)

Kr 1500,- medlem/kr. 2500,- ikkje medlem

Halvårskort (6 mnd frå kjøpsdato)

Kr. 1000,- medlem/kr. 2000,- ikkje medlem

Månadsabonnement (1 mnd frå kjøpsdato)

Kr. 300,- medlem/kr. 500,- ikkje medlem

Drop in time

(gjeld kun saman med ven/kollega som har abonnement og som sjølv er tilstades i lokalet) kr 75,-

Depositum inngongsbrikke kr. 100,- (gjeld alle abonnement)

 

Betaling

Betaling med Vipps #506870, bankkort (i kontortida) eller til bankkonto 3148.11.00405.

Kun Vipps betaling ved drop in!

Ved betaling til bankkonto: NB! Ta med kvittering for utlevering av brikke.

 

Inngongsbrikke

Alle som skal inn på treningssenteret må ha ei inngongsbrikke.

Denne blir utlevert når medlemskapet på treningssenteret er registrert betalt. Brikka er personleg og kan ikkje delast med andre.

Det er kun lov å ta med seg ein ven/kollega inn på eiga brikke dersom vedkomande betaler drop in på kr. 75,- og du sjølv er tilstades på treningssenteret.

Brikka kostar kr. 100,-. Ved innlevering får du tilbakebetalt kr. 50,-.

Det er eige toalett i treningssenteret.

 

Bli medlem i idrettslaget

Innmelding skjer på heimesida til ÅIL (klikk her) eller ved å møte i opningstida på kontoret måndagar frå 18-19.

Føljande info trengs for å melde deg inn i ÅIL:

– namn

– adresse

– fødselsdato (seks siffer)

– tlfnr

– mailadresse

Når du har sendt inn alle opplysningar, vil du få mail med bekrefta medlemskap, samt faktura.

Prisar medlemsskap i ÅIL

Familiemedlemsskap                   kr 800,-

Enkeltmedlem                                kr 350,-

Ungdom (fram til 16 år)             kr 150,-

Pensjonist                                         kr 150,-

 

Viktig å hugse på:

Du må setje deg inn i smittevernreglar som gjeld til ei kvar tid.

Alle som trener på treningssenteret bruke innesko.

Alle apparater/utstyr skal ALLTID reingjerast etter bruk. Bruk spray og papir som er tilgjengeleg i lokalet.

Set ALLTID utstyr slik som vekter, strikk o.l. på plass! Rydd opp etter deg!

Ta omsyn til andre i lokalet.

Vis respekt for reglane!

 

Styret i ÅIL