Alpint og langrenn
Åseral er sørlandets vinterparadis, og ein kan vele mellom heile tre forskjellige alpinanlegg med skitrekk, tur – og skiløyper. Dei tre store turdestinasjonane er Bortelid, Ljosland og Eikerapen.
Skiskyting
På Bortelid eig Åseral Idrettslag eit skiskyttarstadion. Denne blir leigd og drifta av BAA (Bortelid Anlegg og Arrangement). Kvar sesong blir stadionet nytta av regionale idrettslag og ÅIL sjølve. Her blir det mellom anna gitt instruksjon i bruk av gevær og elles reglar kring skiskyting. Stadionet har standplass til 21 skiver og asfaltert trasé for rulleski er under opparbeiding.
ÅIL ynskjer gjerne at interessa og bruken av skiskyttarstadionet skal auka.