Til topps på «Glypevarden»: 2 godt gravide og vesle Birk på 5 veker kom seg heilt opp til toppen. Sjølv frøken Blomseth lot seg imponere!
Tonje, kjent frå både «Kjendis-farmen», «Eventyr-jenter», «Bloggerne» og mange ekspedisjonar, vitja Åseral kommune i samband med ÅIL, Åseral kommune og FLIRS «villmarkslaurdag».
Det var grått, tåka hang tungt over fjella og regnet ausa etterkvart ned. Ville nokon møte opp til fellestur med bålkurs i dag? Ja, det ville seg faktisk slik denne laurdagen. Til slutt var det rundt om 50 stk som stod klare til å ta fatt på Bakkeliæ- som er fyrste utfordring på veg mot «Glypevarden» (800 moh). All ære til denne flokken! Alle (nesten) kom seg til topps, og sjølv om bålkurset måtte utgå grunna ein kald og våt turflokk, blei det ei frisk og fin oppleving på toppen. Nokre tok seg tid til ein liten mat og kaffikopp, medan andre benytta anledninga til å få litt turtips frå «villmarks-prinsessa» Tonje.
Over: ei frisk og flott gruppe på toppen av «Glypevarden»
Over: I følge mor sov Birk (5 veker) mest heile vegen.
Over: På veg ned letta tåka litt.
Over: Nokre av dei 4-beinte fekk ekstra god service.
Over: Smil og vær glad- uansett ver!
Over: trolsk stemning.
Vel nede i bygda att var det klart for heimelaga vilt-gryte, tradisjonamat frå Arna og søte fristelser frå Gluggen-jentene. Folk kosa seg inne – og etter ei god matpause med horder av godsaker var det klart for turtips og informasjon frå Friluftsrådet (FLIR). Randi Byremo fortalde levade om ulike opplevingar og turar i regionen, kva det var lurt og pakke og litt om kart\kompass. Dette falt også i god smak.
Over: Glugge-jentene fekk mykje skryt for kakene sine- ikkje utan grunn.
Over: God mat og hyggelig betjening
Så var det klart for eit friskt foredrag med Tonje Blomseth, rundt om 70 små og store fekk med seg forteljingar frå eit allerede rikt turliv. Blomseth fortalde om korleis ho som 17 åring droppa ut frå toppidretts-gymnaset for å leve ut draumen sin, noko mora ikkje var så begeistra for. Ho fortalde også om framtida- ho og kjærasten reiser om kun 10 dager til Yukon i Canada for å leve som pelsjegere eit heilt år. Her skal dei lafte si ega hytte og virkelig leve ut villmarksdraumen. Dette blir det også TV av, så det er berre å følgje med!
Over: Tonje «in action»
Over: 3 spreke jenter
Tusen takk for ein fin laurdag- og hugs : «følg draumen, ikkje straumen».