
Det blei torsdagsturer også i år- heldigvis! Ein fantastisk fin tradisjon i ÅIL, der me kvart år får sett nokre nye stader i den fine kommunen vår, samtidig som me får oss ein god mosjonstur. Me er svært takksame for alle som stiller opp som guide- og for alle som blir med oss på tur! De er gode!
I år blei det litt meir avstand på bildene enn tidligere, og når det nå skal premierast for deltaking på tur, er det rett og slett slik at det er litt vanskelig å sjå kven alle er- på nokre av bilda. Dersom det grunna dette er feil i lista under her, ber me om at dykk gir beskjed så fort som mulig.
Premie i år er eit fantastisk anvendelig trimpannebånd frå Odlo. Dette kan hentast på Coop ei gong før jul- beskjed gis her.
Dei som var med på 7 av 9 turer i år er (dersom me har sett rett):
- Wenche Åsland
- John Lunden
- Jorunn Marie Berås
- Siv Tone Rossevatn
- Frank Hårtveit
- Rita Hårtveit
- Elin Forgard
NB! For å vinne premie må du vere medlem i ÅIL.