ÅIL Torsdagsturar 2023

 
Me starter opp att med den tradisjonsrike «ÅILs torsdagstur»- på torsdager i juni og september 2023. Me vonar DU blir med på tur! Her er alle velkomen, uansett alder og form! Fyrste tur blir torsdag 1.juni! 

Turen vil vara i ca.2-3 timar, og her kan du gi på det du sjølv vil. Du vil få litt puls på desse turene, men du treng langt i frå ver i toppform! Du tek turen i ditt tempo, og kan snu når DU vil. Det blir tur UANSETT ver, her er det berre å kle seg etter forholda.
Torsdag står jo for TUR. Når juni er over, vonar me at torsdagen mentalt er blitt etablert som ein tur-dag, og at du automatisk kjem deg ut i trimskoa fram til me startar att i september!
Ta gjerne med deg gåstavar, ein hund, ein venn og drikkeflaske:-)
Årets turpremie sponsa av ÅIL er ei nostalgisk sølvskei frå ÅIL sitt rike historiske lager, til alle som deltek på 5 av 7 turar, samt trekning av 3 stk gåvekort på Intersport Evje. Alle som deltek får eit lodd pr tur- jo fleire turar du er på, jo fleire lodd😊
 
Velkomen på ÅILs torsdagsturar!
 
Juni
1.juni: Bli med til Kyrkjebyds finaste utsiktspunkt, og Åseral idrettslag sin tur nr 1 for året, til juvelen Rofjedde + den nye, stilige dagsturhytta. Me startar turen ved friidrettsbanen i Kyrkjebygd, før me går til topps på Rofjedde. Dette er ein tur som for det meste går oppover- men som gir god gevinst i form av utsikt. Me tek så turen ned til dagsturhytta der me tek ein god rast. Så går turen ned til Minne kultursenter, før me går tilbake til friidrettsbana (ein flott rundtur).
Lengde: ca 6.5 km rundtur Tidsbruk: ca. 2 timar inkludert pause Turleder: Kristine Forgard
Turstart: 18.00
 
8.juni: I dag går ÅILs torsdagstur til vakre Skipefjedde heilt aust i Åseral (636 moh.). Denne turen byr på nydelig utsikt i alle retninger! VELKOMEN!
Lengde: 8 km på vei og sti i ulendt terreng
Område: Skipefjellet, Åseral kommune
Møtested: Ved Kylland køyr mot Ekså/Flystveit ca. 7 km. Etter å ha passert Lundemyr ta av andre veien til høgre (i svingen der det er ein bom). Kjør til enden av vegen (passer bom) og parker her.
Lengde: ca. 12 km t/r | Tidsbruk: ca. 3 t/r
Start: kl. 18.00 Turleder: Åshild Moi Aasland
 
 
 
15.juni: Denne torsdagen skal me på eventyr inne i den vakre og uoppdaga Brelandsheia, til ein flott heddar med vid utsikt. Me møtes ved starten av Åsdølvegen og køyrer bilene saman på grusveg lags Brelandsvatnet heilt til det regulerte vatnet Åstølvatnet (som heng saman med Nåvatn) og parkerer her ved demningen. Gåturen starter med litt stigning, før det blir både myr og berg (ingen tydelig sti). Turstart: 17.30
Turleder: Stig Alfred Eikeland Lengde: 8.5 km Tidsbruk: 3 timer inkludert pause Telefon:46801622
 
 
 
September:
7.september: Topptur til Midstrandsnuten (790 moh)
Velkomen til ein spennande og unik tur til ein topp som faktisk ligg i nabokommunen vår, Evje og Hornnes (faktisk den høgaste i Evje og Hornnes kommune). Store deler av turen går i Åserals terreng, men sjølve toppen ligg altså rett utanfor vår kommunegrense… Men, like fin trass i dette!
Me møtes ved Gyvatn parkering, den kjem du til om du køyrer til Espelid, og så videre forbi siste garden her. Her starter den 6 km lange Kolandsvegen. Det koster kr 50 i bomveg, så her er det lurt å gå saman om å køyre om ein ikkje vil ut med heile 50-lappen sjølv. Turen går i ulent terreng, lite sti, og har 300 høgdemeter. Velkomen!
Turleder: Kjell Olav Thorsland Tidsbruk: 2.5-3 timer inkludert pause
Lengde: 6,4 km Turstart:17.30 Tlf: 91167084
 
14.september: Velkomen med på ein flott torsdagstur rundt Storevatn! Me møtes og parkerer bilane ved Eikerapen Alpinsenter\Rabbenstova. Vi går så på berg\sti opp til osen ved Storevatn (ca 2 km). Her tek med ein sving til venstre og følger veg rundt vatnet, denne er ca 5 km. Løypa svinger bak Kvelpestøl og vi går så ned same veg som vi gjekk opp.
Turleder: Bente Forgard Lineikro Tidsbruk: 2.5 timar med pause Lengde: ca 9 km Turstart: 18.00
 
21.september: Me tek turen opp til vakre Sjåvassknuten som ruver på heia over Kyrkjebygd, Åseral (834 moh). Me møtes i Glypen klokken 17.00, dette er ein privat veg, men grunna fellestur er det lov å parkere her i dag. Me går så opp den bratte Bakkeliæ, før me følger ein godt merka sti inn- og opp til toppen. Unik utsikt, og greit å finne fram. Denne turen er relativt fuktig, og det anbefales joggesko du ikkje er redd for, eller gode fjellsko. Turen tek ca 3 timer tur\retur, i rolig tempo.
Turleder: Eva Haugland Åsland Tidsbruk: 3 timar inkludert pause Lengde: 8 km Turstart: 17.00
Telefon: 47632746
 
28.september: Bli med på ÅILs torsdagstur til fine Eikjeråsen i Kyrkjebygd! Turen går på grusveg, skogsveg og sti. Vi startar ved rådhuset/lislehylen og følger vegen oppover mot Nordkleiv. Tar så av skogsvegen/stien til Nordkleiv og går opp til Eikjeråsen. Her er det flott utsikt over bygda. Vidare går turen til Øygarden før vi fortettar ned kleiva tilbake igjen.
Turleder: Siv Tone Rossevatn Lengde:5 km Tidsbruk: ca 1.5 timer Turstart: 17.00