I desse dagar har dei fleste motteke faktura for medlemskontingent. No kan du betale online på www.minidrett.no og spare klubben for mykje tid og ressursar. Treng du hjelp til dette, ta gjerne kontakt med oss. Fortsett å lese Medlemskap og årskontingent
Alle innlegg av admin
Husk påmelding til årets fotballskole
Tingcupen 2016 laurdag 18. juni
Eiken IL og Hægebostad IL har igjen gleda av å invitere til fotballturnering for Microputtar (1-2 kl.), Miniputtar (3-4 kl.) og Lilleputtar (5-7 kl.) på Kollemo stadion laurdag 18. Juni 2016.
Frå Åseral deltek 3 lag, micro-, mini- og lilleputter.
Meir info finn du her!
Årsmelding, sakliste og rekneskap til årsmøtet 2015
Premieutdeling for karusellrenna torsdag 31. mars
Premieutdelinga for karusellrenna og klubbmeisterskapet er torsdag 31. mars 17.15 på rådhuset, Monn. Alle som har delteke på minimum eit renn får premie! Etterpå, klokka 18.00, er det årsmøte i ÅIL. Her er alle hjarteleg velkomen.
Spre det!
Sparebanken Sør- Indre Agder Cup 2016
Kampoppsett miniputt lørdag 2. april
Kampoppsett lilleputt søndag 3. april
MERK: Endra møtestad for årsmøtet
Bortebeineren 2016 – resultat
Denne helga, 5-6. mars, arrangerte Bortelid skisenter Bortebeineren 2016. Åseral Idrettslag bidrog med friviljuge og ikkje minst utøvarar til rennet. Me gratulerer Rolf Arthur Aasland med 2. plassen i klassisk distanse laurdagen, med tida 1:07:35. Pallen vart dominert av dei unge under fristil sundagen. Gratulerer til vinnarar og takk for flott deltaking.
resultat_klassisk
resultat_skating Fortsett å lese Bortebeineren 2016 – resultat
Innkalling til årsmøte
INNKALLING TIL ÅRSMØTE ÅIL
Årsmøtet blir halde på Minne kultursenter torsdag 31. mars kl. 18:00.
Forslag til saker må vere styret v/sekretær Tove Utengen (tove@aail.no) i hende innan
måndag 14. mars.
Sakliste/rekneskap/årsmelding blir lagt ut på rådhuset/www.aail.no, seinast torsdag 24. mars.
Styret
Møt ein verdsmeistar i fotballtriksing 16. mars
Azun alias Anders Solum er ein norsk fotball-freestyler. Han er utdanna lærar og arbeida som det fram til han vann verdas største freestyle-konkurranse i Sør-Afrika i 2010. Han kjem til Åseral bibliotek og Fleirbrukshallen onsdag 16. mars kl. 17:00.
Me lovar trikse-show og trikse-kurs. Kva med å lære å “Battle”?
Det blir og tid for triksekonkurranse, undervising i Panna Streetfotball og Panna Streetfotball turnering.
Panna Streetfotball 2016-plakat2
Turnéplan:
Mandag : Audnedal – Kongsmo flerbrukshall (ved skolen): kl. 17:00
Tirsdag : Hægebostad – Kollemo skole: kl. 17:00
Onsdag: Åseral – Åseral Fleirbrukshall: kl. 17:00
Torsdag: Marnadal – Øyslebø flerbrukshall/skole: kl. 17:00