Nesten 70 stk. i alderen 6 til 12 år har spelt og leika seg med fotball i Åseral idrettpark heile helga, 4.-6.sep. Gode og ivrige instruktørar og barn som likar å vera i aktivitet har storkosa seg 14 timar, både i regn, sol, overskya og vind. Ein framifrå innsats frå alle gjer at det er knallgøy å laga eit slikt arrangement. Takk til alle som har bidratt til at me kan få til dette år etter år- sjølv ikkje koronaen stoppar fotballskule i Åseral!
















