Tusen, tusen takk til den beste banken, Sparebanken Norge! Åseral IL har vore så heldige å få heile 500 000 kroner i støtte frå Sparebanken Norge til bygging av tråkkemaskingarasje, eit lite lager og ei lita «varmestove/kiosk» til bruk under skirenn i bygda.
Dette er eit prosjekt som vil leggje betre til rette for både frivillige, aktivitet og skiglede i bygda vår. Støtta betyr utruleg mykje for oss!
Det er uvurderlig å ha ein bank som støtter mindre lokalsamfunn som Åseral, og som ser verdien av å bidra til gode, lokale tiltak, som kjem både små og store til gode.
Me set stor pris på at Sparebanken Norge heiar på oss!
Me bøyer oss i støvet og seier igjen: tusen takk for støtta og for at de er med på å gjere ein forskjell!



