Vil du lære deg markløft, knebøy og benkpress?
Me inviterer alle medlemmer av treningssenteret og ÅIL til introkurs i desse tre gode baseøvelsane, med Jan Christian Forgard som instruktør!
Jan Christian har mange års erfaring som personleg trenar (PT) og jobbar i dag som politi. På fritida er han aktiv innan både fotball og styrkeløft, og han har eit stort engasjement for trening og fysisk aktivitet.
Kurset passar både for deg som er nybegynnar og ønskjer å lære god teknikk, og for deg som allereie trenar styrke, men ønskjer å bli sterkare og tryggare i øvelsane.
Me startar kvelden med ei teoriøkt på ca. 25 minutt, før me går over til praktisk gjennomføring av dei tre øvelsane.
Denne kvelden får du:
-
Grunnleggjande teori om styrketrening og løfteteknikk.
-
Praktisk innføring i markløft, knebøy og benkpress.
-
Rettleiing og individuelle tilbakemeldingar på teknikk.
-
Tips til korleis du kan bli sterkare i øvelsane.
-
Meir kunnskap og tryggleik til å trene på eiga hand.
Me avsluttar kvelden med ein liten styrkesirkel, der me får øvd endå meir på øvelsane og brukt det me har lært i praksis.
-Når: Tysdag 5. januar 2027
–Tid: Kl. 18.00–20.00 (ca.)
–Stad: Treningssenteret
–Maks 12 deltakarar
Alle er velkomne, uavhengig av erfaring og treningsnivå. Du treng ikkje å ha prøvd øvelsane tidlegare!
Avgrensa tal på plassar – førstemann til mølla! Påmelding SMS: 98471661 (Kristine)
Me gler oss til ein lærerik, sosial og kjekk treningskveld saman med dykk!


