Det blir introkurs på Åseral treningssenter for ungdom, 8-10.klasse, torsdag 17.september kl 17-19.
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Dette kurset gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time kvar måndag). Dette kurset gjer også at ungdommen kan trene saman med forelder eller foresatt fram til året du fyller 16 år, om foreldre har abonnement på treningssenteret.
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler for treningssenteret og deltagere må gjennomføre nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
PÅMELDING: Ann Kristin
(tlf:99493765) eller Kristine Forgard (tlf:98471661) på SMS.