Alle innlegg av admin

Bortebeineren 2016 – resultat

IMG_1963-endretDenne helga, 5-6. mars, arrangerte Bortelid skisenter Bortebeineren 2016. Åseral Idrettslag bidrog med friviljuge og ikkje minst utøvarar til rennet. Me gratulerer Rolf Arthur Aasland med 2. plassen i klassisk distanse laurdagen, med tida 1:07:35. Pallen vart dominert av dei unge under fristil sundagen. Gratulerer til vinnarar og takk for flott deltaking.

resultat_klassisk
resultat_skating Fortsett å lese Bortebeineren 2016 – resultat

Innkalling til årsmøte

LogoINNKALLING TIL ÅRSMØTE ÅIL
Årsmøtet blir halde på Minne kultursenter torsdag 31. mars kl. 18:00.

Forslag til saker må vere styret v/sekretær Tove Utengen (tove@aail.no) i hende innan
måndag 14. mars.

Sakliste/rekneskap/årsmelding blir lagt ut på rådhuset/www.aail.no, seinast torsdag 24. mars.

Styret

Møt ein verdsmeistar i fotballtriksing 16. mars

Azun-1Azun alias Anders Solum er ein norsk fotball-freestyler. Han er utdanna lærar og arbeida som det fram til han vann verdas største freestyle-konkurranse i Sør-Afrika i 2010. Han kjem til Åseral bibliotek og Fleirbrukshallen onsdag 16. mars kl. 17:00.

Me lovar trikse-show og trikse-kurs. Kva med å lære å “Battle”?
Det blir og tid for triksekonkurranse, undervising i Panna Streetfotball og Panna Streetfotball turnering.
Panna Streetfotball 2016-plakat2

Turnéplan:

Mandag : Audnedal – Kongsmo flerbrukshall (ved skolen): kl. 17:00
Tirsdag : Hægebostad – Kollemo skole: kl. 17:00
Onsdag: Åseral – Åseral Fleirbrukshall: kl. 17:00
Torsdag: Marnadal – Øyslebø flerbrukshall/skole: kl. 17:00