Alle innlegg av Kristine Forgard

NY DATO: 8.februar

Grunna smittevernregler må me utsette Crossfit-timene med Gyro til tysdag 8.ferbuar. Same tidspunkt! 

Ein time frå 8 kl- 16 år (kl 17.15-18.30- og ein  frå 16 år og oppover (kl 18.45-20). Den frå 16 år og opp er fulltegna. Den for dei under 16 har fleire plassar ledige. 

Du som er påmeldt: dersom du ikkje kan koma 8.februar, sei i frå til Kristine (98471661). 

 

 

 

 

Crossfit kveld 11.januar

May be an image of 1 person and text that says 'GRATIS FOR ALLE CROSSFIT MED GYRO'

Hjartelig velkomen til to stk Crossfit-inspirerte timar tysdag på Åseral treningssenter 11.januar!  Ein frå 8 kl- 16 år (kl 17.30-18.30- og ein  frå 16 år og oppover (kl 19-20).

Me har vore så heldige å fått med oss personlig trenar og instruktør, Gyro Eliassen, frå Vennesla. Ho har solid erfaring innen ulike treningsformar og er ein dyktig veiledar og inspirator. ALLE er velkomne, medlemmar av treningssenteret- og ikkje-medlemmar. Ingen tidligere erfaring trengs! Det blir også mulig å melde seg inn på treningssenteret før/etter timen dersom nokon ønsker det.
Etter timen blir det ein gratis overraskelse til alle😋💪🏽👍🏼 

Maks plass til 15 stk pr time- så her er det fyrste mann eller kvinne til mølla. Dette blir gøy!
Påmelding på messenger eller SMS til Kristine Forgard (tlf 98471661).

ÅILs nissemarsj 2021

Me Me møtes ved Sparebanken Sør i Austrud klokka 18.00.Kom gjerne oppkledd som nisse eller nissehjelper! Me går så saman i nissetog etter hjelpenissen mot løypas høgdepunkt, nisselåven i Nordstova, der me får høyre litt om nissen på garden- og kanskje får me sett snurten av han? Eller er han kanskje flytta ut?
Løypa funker fint for vogn ettersom det kun er på asfalt og hard grus (OBS! på mulig nysnø er kanskje beremeis best).
ÅIL står for julestemning, julekaker, mandariner, kakao og saft etter målgang ved Minne. Moglegheit for pølsegrilling på bålpanne (ÅIL står også for pølser! ).
Finn fram nissehua og hand-fakkelen (eller hovudlykta) + refleks.
Turen er ca 2 km lang.
Pris: 20 kr pr person (Vipps eller kontanter).
Hjertelig velkommen til liten og stor! Uansett alder!
–Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL

Premiering ÅIL torsdagsturer 2021

 
ÅIL seier tusen tusen takk til alle som har stilt opp som guider denne sesongen😌👏🏼🙏🏼 Og Tusen takk til alle som har vore med på tur😀👍🏼 (Me vonar de vil fortsette å kome dykk ut på tur resten av hausten også🍂😀)
 
Desse har gått minst 7 av 8 ÅIL-turer i år (og er medlem av ÅIL):
Wenche Aasland
Åshild Moi Aasland
Grethe Berås
Tone F Rossevatn
Elin Forgard
Dagrun Juvasstøl
Eva Åsland
John Lunden

Fortsett å lese Premiering ÅIL torsdagsturer 2021