
ÅSERAL TRENINGSSENTER

Velkomen til ein inspirerande og hyggelig kveld med Fenriken -og masse god mat!
Kvelden blir i Åseral fleirbrukshall, og i kantina der. Her er det god plass til alle!
DU er hjartelig velkomen, torsdag 16.januar 2025!
P R O G R A M :
Kl 18.00-18.45:
Åseral idrettslag seier TUSEN TAKK til alle frivillige gjennom tidene: utan dykk- ingen ÅIL! Ordføraren, Jan Oddvar- med fleire tek oss med på eit kort, muntert, historisk tilbakeblikk på ÅIL si frivillige historie, i bilder og tekst. Her kan det dukke opp mykje rart. Det blir også ein liten KAHOOT omkring ÅIL- med saftige premier!
Kl:18.45-19.45:
Det vil bli servert velsmakande taco-suppe frå Hamkoll, samt frukt, kaker og kaffi. Her er det berre å glede seg til masse digg mat!
19.45-20.45:
Inspirerande og humoristisk foredrag med sjølvaste Fenriken, Geir Aker. Kjent frå Kompani Lauritzen. Det er mogleg å få kjøpt signert bok etter foredraget.
ALLE er velkomne! Både gamal og ung- medlemmer og ikkje medlemmer!
PRIS:
Heile kvelden (foredrag, mat og drikke) er gratis for dei som har vore- eller er frivillige i Åseral idrettslag. Var du med å arrangere kakeløp på 90 tallet? Har du vore fotballtrener? Badevakt? Ingen dugnad for liten- ingen for stor.
Andre gjester:
Pris foredrag med Fenriken:
Annys Tacosuppe med deilig tilbehør, kake, frukt og kaffi: 100 kr
Begrenset antall plasser. Påmelding til mat+foredrag, innen 5.januar. Påmelding foredrag: mulig så lenge det er plass (maks 300 stk).
Dersom det fortsatt er ledige plasser til foredraget, vil det vere mulig med «drop-inn» på sjølve dagen (betales med vipps eller kontanter i døra)
PÅMELDING VIA SKJEMA DU FINN VED Å TRYKKE PÅ LINK HER: https://forms.gle/JHguf2o4TnWoXWhf6
ELLER SEND SMS\TELEFON til: 98471661 (Kristine Forgard).
Det blir 3 terrengløp på Gamle Torslandsvegen i haust.
Torsdag 5. september
Torsdag 12. september
Torsdag 19. september
Oppmøte ved Kaddebergbrua. Påmelding frå kl. 17.00 (alle aldrar hjertelig velkomne- små og store🥳😀👍🏼🐆🐐)
Start kl 17.30
Kjære deg på ungdomsskulen! DU er hjertelig velkomen på introkurs-UNG ved Åseral treningssenter!
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Den gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time måndag – etter visse betingelser.
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler og deltagere må gjennomfører nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
Dato: Onsdag 27.september
Kurset varer ca 2 timer (17.30-19.30)
Max 12 deltagere (+ 3 intruktørar).
Meld deg på ved å sende SMS til: 99493765(AK) Eller: 98471661 (Kristine)
Me håper MANGE har lys til å vere med på introkurs-UNG!
Hjertelig velkomen til ÅIL intervalltrening på Åserals flotte friidrettsbane, kl 17-18- 4 tysdagar!
4 tysdager i mai har du muligheten til å bli med på nokre knallgode økter som gir god effekt på både kondisjon og fart.
Kvar og ein spring intervallene i SI fart. Ein må absolutt ikkje ver i god form for å delta!
Kven er treninga for? Alle! Jenter, guter, kvinner og menn som har lyst på ei god økt- frå 12 år og opp.
Kva treng du? Joggesko, behagelege klær og ei drikkeflaske.
Varighet? Inkludert god oppvarming og litt tøying varer intervalløkta ca 45-50 minutter.
Tidspunkt: tysdag 2.mai, tysdag 9.mai, tysdag 16.mai og tysdag 23.mai , kl 17-18
NB! Intervalltrening er ei relativt hard treningsform (uansett kva form ein sjølv er i), så sliten blir ein. Men du verden så digg etterpå!
Instruktører: Kristine Forgard og Tonje Reisersdal
VELKOMEN!