Alle innlegg av Kristine Forgard
NY DATO: 8.februar
Grunna smittevernregler må me utsette Crossfit-timene med Gyro til tysdag 8.ferbuar. Same tidspunkt!
Ein time frå 8 kl- 16 år (kl 17.15-18.30- og ein frå 16 år og oppover (kl 18.45-20). Den frå 16 år og opp er fulltegna. Den for dei under 16 har fleire plassar ledige.
Du som er påmeldt: dersom du ikkje kan koma 8.februar, sei i frå til Kristine (98471661).
Crossfit kveld 11.januar
Hjartelig velkomen til to stk Crossfit-inspirerte timar tysdag på Åseral treningssenter 11.januar! Ein frå 8 kl- 16 år (kl 17.30-18.30- og ein frå 16 år og oppover (kl 19-20).
Me har vore så heldige å fått med oss personlig trenar og instruktør, Gyro Eliassen, frå Vennesla. Ho har solid erfaring innen ulike treningsformar og er ein dyktig veiledar og inspirator. ALLE er velkomne, medlemmar av treningssenteret- og ikkje-medlemmar. Ingen tidligere erfaring trengs! Det blir også mulig å melde seg inn på treningssenteret før/etter timen dersom nokon ønsker det.
Etter timen blir det ein gratis overraskelse til alle
Maks plass til 15 stk pr time- så her er det fyrste mann eller kvinne til mølla. Dette blir gøy!
Påmelding på messenger eller SMS til Kristine Forgard (tlf 98471661).
ÅILs nissemarsj 2021

Løypa funker fint for vogn ettersom det kun er på asfalt og hard grus (OBS! på mulig nysnø er kanskje beremeis best).
Finn fram nissehua og hand-fakkelen (eller hovudlykta) + refleks.
Turen er ca 2 km lang.
Pris: 20 kr pr person (Vipps eller kontanter).
–Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL
Introkurs for senior
Introkurs i styrketrening for eldre (over 65 år) passer perfekt for deg som ønsker å forbedre din fysiske og psykiske helse, enten du har trent tidligere, trener regelmessig eller aldri har gjort dette før.
Fortsett å lese Introkurs for senior
INTROKURS, 19.oktober 2021
Premiering ÅIL torsdagsturer 2021







ÅSERAL TRENINGSSENTER
Mange har meldt seg inn på treningssenteret- og det er me kjempeglade for! Her er god plass, og åpent frå tidlig morgon (06.00) til langt på kveld (22.00), kva dag- heile året. Fortsett å lese ÅSERAL TRENINGSSENTER
Intervalltrening med ÅIL
Kvar og ein spring intervallene i SI fart. Ein må absolutt ikkje ver i god form for å delta!