Åseral idrettslag på triathlon :Torjus og Rolf Aasland, Arne Stenslang, Siri Marit Aasland, Ann Kristin Stensland og Kristine Forgard.
Laurdag 19.august var det duka for for Bortelid triathlon- eit flott arrangement med 27 spreke deltagere og mange flinke frivillige. Med heiagjenger rundt i løypa, eigen drikkestasjon og god stemning blei laurdagen så fin som den kunne i Bortelid. Sjølv om dei fleste startande var utanbygds frå, hadde me 6 åsdøler med i kampen.
På programmet stod 700 m svømming i Murtetjønn, 25 km sykling og 7 km løping- litt av kvart med andre ord. Start og målgang var ved Bortelid Camping.
Raskeste deltaker var Stian Homme som kom i mål på 1 time og 40 minutter. Rolf Aasland tok ein velfortjent 3.plass. Gratulerer!
Resultat lister blir publisert på http://langtour.de/…/20…/ResultaterBortelidTriathlon2017.pdf
Neste år vonar me at DU blir med!
Foto: Kristine Forgard og Trond Egil Åknes