Det begynner å bli nokre år sidan sist det var mogleg å bestille skidress frå ÅIL- men no er sjansen her att.
Det ligg allereie no ein kasse på Service-kontoret der du kan prøve ski-klær, på dagtid, mellom kl 08.00-15.00- slik at du finn ut kva str du er. Sjølve ÅIL dressen med vårt design er ikkje i prøve-kassen, men dressene som ligg der er tilsvarende det du kan bestille. Me vil også få til ein kveld der alle kan få prøvd skidressen- følg med på facebook\her for info om det. Her kan du sjå ca korleis Swix-dressen vil sjå ut- og kva andre ting du kan få kjøpe:
Over: lue, pannebånd, vest, dress og tynn dress. Mangler ÅIL sitt emblem på lue\pannebånd her.
Dette er for Åseral ILs medlemmer (er du ikkje medlem- ta kontakt, så melder me deg inn).
Du kan velje mellom to dresser:
Alternativ 1:
Dette er ein god skidress frå Swix. Ein kan velje mellom jakke, bukse, panneband og lue- til både dame, mann og junior. Ein treng ikkje kjøpe både bukse og jakke- men det som passer ein best. Dressen er vann og vind avisande, og Swix seier dette om dressen:
«Lett, meshfôret oppvarmings- og treningsjakke i Microfiber. Stretchparti i rygg, langs armene og i sidepanelene gir god bevegelsesfrihet og ventilasjon. Figursydde armer. Refleksbånd gir bedre synlighet i mørket. Behagelig polstring og stretchmateriale i kragen»
«Lett, meshfôret oppvarmings- og treningsbukse i Microfiber. Stretchparti på baksiden for bedre bevegelsesfrihet og ventilasjon. Knytebånd i livet, formsydde knær og silikonkant nede rundt ankelen».
PRIS SKIDRESS SWIX:
Swix Star X til voksen koster: Jakke 1499,- og bukse 949,- = 2448,–40 % rabatt frå sponsorar= 1567,-
Swix Star X til barn koster: Jakke 1099,- og bukse 799,- = 1898,-40% rabatt frå sponsorar= 1215,-
Dette er ein dress du kan ha glede av i mange år, uansett årstid. Du kan også kjøpe kun jakke- eller bukse,lue og pannebånd. Du vil få rabatt for kjøp av kun jakke\bukse også.
Det blir solgt dress til dame, herre, junior og barn.
Alternativ 2:
Dette er et rimeligere alternativ. Bekledning fra Umbro gjennom Intersport Evje. Dette er ein overtrekksdress (jakke og bukse) til voksen og junior. Super og trene i den og, men litt enklere og langt rimeligere modell.
Denne Umbro-dressen er også til vaksen og born.
PRIS ALTERNATIV 2:
500 kr for born og 630 kr for vaksen for bukse og jakke.
Idrettslaget og sponsorar går inn og betaler ein del av dressen- derfor må du ver medlem for å benytte deg av dette tilbudet. Me vonar mange har lyst til å bestille seg gode klede, som fungerar fint som «trimdress» resten av året, uansett aktivitet.
Nøyaktig pris -og bestillings informasjon kjem innen eit par dager. Stay tuned!