Over 120 små og store fekk med seg Dag Otto Lauritzen- og nesten like mange fekk med seg flott historie om ÅIL og tradisjonsmat frå Arna Berg.
ÅIL blei stifta i 1931, og har sidan den gong roma mykje variert innen sport og moro. Me fekk sett film frå ÅM i vassing og Jørgen Åsland tok oss med på eit humoristisk og interessant tilbakeblikk i historien. Han kunne blant anna fortelle om fotball-kulturens spede begynnelse i Åseral, der dei fotballinteresserte måtte betale både 20 kr i leige av jorde, og 20 kr for ein ny fotball- ikkje reint lite penger på den tida. I tilegg til dette kunne dei vist ikkje reglene- men gøy hadde dei det. Alt må begynne ein stad, og det å ha eit idrettslag betyr mykje for ei lita bygd.
Kveldens verter,Jan Oddvar Lineikro og Kari Røynlid, stilte sjølvsagt i ÅIL-treningsdress for anledningen:
Over: Det blei delt ut hederspris til både Jørgen Åsland og Betsy Folkvord, for lang og tru tjeneste.
Over: Arild Forgard blei hedra for sin NM-tittel i futsal, og Andrea Thorsland fekk ein liten pris for sin suksess innan handball.
Me fekk også høyre litt om det nye treningsrommet som ein reiknar med skal stå ferdig utpå våren\sommeren, noko svært mange nok ser fram til .
Tusen takk til alle som kom!