Sesilåmi 2019

Image may contain: one or more people, people standing, mountain, outdoor and nature

Det var snødde og var grått i det me entra Brokke Alpinsenter tildlig lørdag morgon 9.mars 2019. Sesi-gruppa frå ÅIL var dønn klare i bussen.

Vindjakke frå 70-tallet, caps, Gore-tex bukse, scooterhansker, konkurransedress og ullsokker. Bekledningen i ÅIL bussen var like variert som ein Italiensk pizza-meny- men betydde lite for resultatet. For nokon handla det om å halde seg så langt framme i tet som mulig, for andre handla det om å gjennomføre. 53 km og utallige høgdemeter er ikkje bare bare- uansett bekledning og utstyr.

Image may contain: 1 person, smiling, snow, outdoor and nature
Torjus Aasland- klar for 53 km.

Me var 25 påmeldte til buss, og det blei 21 som stilte til start. Yngste var 19- og eldste var 69- ei god blanding mennesker- med eit felles mål: Sinnes i det fjerne. Frå Setesdal til Sirdal.

Image may contain: 1 person, smiling, standing, snow, outdoor and nature
Over: Fredrik Dåsvatn (nær slektning av»Søster Birgit») kom seg over til Sirdal i snødrevet

Sesilåmi 2019 blei eit av dei mest krevande i historien, i følge arrangør. Grunna tildels tett snøvèr og rundt null grader blei det store smøreproblemer og eit svært krevende renn for dei fleste.
Sesilåmi er jo frå før eit av dei røffaste skirenna- og dei som gjennomførte Sesilåmi 2019 er virkelig tøffe- så gratulerer så hjertelig til dykk- og full forståelse og respekt til dei som av ulike grunner måtte kaste inn handkledet. Det kjem nye sjanser til neste år.

Image may contain: 1 person, smiling, standing and outdoor
Over: Espen Ljosland lykkelig i mål. Her fekk alle deltagere både medalje, RedBull, bollar og saft.
Image may contain: 3 people, people smiling, outdoor
Nils Ståle Forgard, Olav Kristian Stangvik og Kenneth Hobbesland er utslitte men lykkelige i mål.


Grete Berås- årets vinner av «dameklassen» frå Åseral. Gratulerer! (Foto: Ole Endre Kallhovd)

3 på topp damer, Åseral IL, 2019:

  1. Grete Berås
  2. Tonje Reiersdal
  3. Kristine Forgard

3 på topp herrer, Åseral IL, 2019:

  1. Rolf Aasland
  2. Torjus Aasland
  3. Kjell Olav Austrud

Ein kan jo kanskje spørje seg sjølv kvifor i all verden ein blir med på ein aktivitet som dette? Kvifor betale for å slite seg over fjellet? Forutan svært hyggelig selskap på ÅIL-bussen er mestringsopplevelsen etter eit slikt renn enorm- og den sit godt i ,lenge. Og jo hardere utfordring, des betre kjennes det når ein lykkes. Tradisjonen med Sesilåmi-buss vil nok fortsette- og me vonar at det til neste år er endå fleire i ulike aldersklasser som hiv seg med. Dette er virkelig for alle- og du treng ikkje ver ein racer på ski for å hive deg med. Det å ha Sesilåmi som eit treningsmål er jo også perfekt, og i skrivande stund har du 258 dagar å trene på. Lykke til!