Til informajson: ÅIL torsdagstur har pause i år, men me oppfordrer folk til å kome seg ut på tur, og nyte den flotte naturen me har rundt oss:-) Sjåast neste år!
Alle innlegg av Kristine Forgard
ÅIL og sesilåmi, 1976-2023
Ein æra er over- les denne oppdaterte artikkelen om Åseral IL og skirennet Sesilåmi. Klikk på linken under for PDF fil.
Velkomen på Nissemarsj 1.desember 2023
Kom gjerne oppkledd som nisse eller nissehjelper! Me går så saman i nissetog etter hjelpenissen mot løypas høgdepunkt, nisselåven i Nordstova, der me får høyre litt om nissen på garden- og kanskje får me sett snurten av han? Eller er han kanskje flytta ut?
Løypa funker fint for vogn ettersom det kun er på asfalt og hard grus (OBS! på mulig nysnø er kanskje beremeis best).
ÅIL står for nissegraut, julestemning, pepperkaker og mandariner etter målgang på Minne.
Finn fram nissehua og hand-fakkelen (eller hovudlykta) + refleks.
Turen er ca 2 km lang.
Pris ikkje-medlem: 25 kr
(Vipps til Åseral IL- eller kontanter på Minne).
–Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL
INTROKURS UNG 2023
Kjære deg på ungdomsskulen! DU er hjertelig velkomen på introkurs-UNG ved Åseral treningssenter!
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Den gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time måndag – etter visse betingelser.
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler og deltagere må gjennomfører nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
Dato: Onsdag 27.september
Kurset varer ca 2 timer (17.30-19.30)
Max 12 deltagere (+ 3 intruktørar).
Meld deg på ved å sende SMS til: 99493765(AK) Eller: 98471661 (Kristine)
Me håper MANGE har lys til å vere med på introkurs-UNG!
ÅIL Torsdagsturar 2023
velkomen på intervall
Hjertelig velkomen til ÅIL intervalltrening på Åserals flotte friidrettsbane, kl 17-18- 4 tysdagar!
4 tysdager i mai har du muligheten til å bli med på nokre knallgode økter som gir god effekt på både kondisjon og fart.
Kvar og ein spring intervallene i SI fart. Ein må absolutt ikkje ver i god form for å delta!
Kven er treninga for? Alle! Jenter, guter, kvinner og menn som har lyst på ei god økt- frå 12 år og opp.
Kva treng du? Joggesko, behagelege klær og ei drikkeflaske.
Varighet? Inkludert god oppvarming og litt tøying varer intervalløkta ca 45-50 minutter.
Tidspunkt: tysdag 2.mai, tysdag 9.mai, tysdag 16.mai og tysdag 23.mai , kl 17-18
NB! Intervalltrening er ei relativt hard treningsform (uansett kva form ein sjølv er i), så sliten blir ein. Men du verden så digg etterpå!
Instruktører: Kristine Forgard og Tonje Reisersdal
VELKOMEN!
bli med på Introkurs for deg over 60 (7.mars)
ÅILs introkurs for deg på 60 år + passer perfekt derom du ønsker å forbedre din fysiske og psykiske helse, enten du har trent tidligere, trener regelmessig eller aldri har gjort dette før.
Me går gjennom gode øvelser for gjennomføring på treningssenter (utstyrsbehov) og heimeøvelser uten store krav til utstyr. Me går også gjennom nyttige faktorer kva angår trening for modne mennesker- både styrke, balanse, kondisjonstrening og allmenn bevegelse.
Kurset er tenkt til dei som er helt ferske innen treningsenter-bruk og har lite kunnskap kring trening. Du behøver ikkje ha noko erfaring eller forkunnskap for å delta. Alle er i stand til å delta, uavhengig av alder, forutsetninger og fysisk form.
Det blir også mulig å melde seg inn på treningsenteret denne kvelden.
TID OG STAD: Åseral treningssenter i Bordalen, tysdag 7.mars 2023, kl 17.30-19.00.
Meir info om dette denne kvelden)Påmelding til kurs ved SMS\telefon til:
Kristine Forgard (tlf: 98471661) eller Eva Åsland (tlf:476 32 746)
Bli med på treningskveld med inger in dubai
Bli med på ein heidundrande lærerik, svett og gøy aften i Åseral!
Me starter med eit lite motivasjonsforedrag om kosthold og fysisk aktivitet\psykisk helse med Inger in Dubai, før me flytter oss over i Fleirbrukshallen der Inger kjører ei knallgod treningsøkt som passer for ALLE. Til slutt blir det GRATIS restitusjonsdrikk, frukt og sunn snacks til ALLE
ALLE, frå 8.klasse og oppover. Jenter, gutter, kvinner og menn, gamle og unge. Både Åsdøler- og alle andre er hjertelig velkomne!
Nissemarsj 2022
Løypa funker fint for vogn ettersom det kun er på asfalt og hard grus (OBS! på mulig nysnø er kanskje beremeis best).
Finn fram nissehua og hand-fakkelen (eller hovudlykta) + refleks.
Turen er ca 2 km lang.
Pris: 15 kr pr person (Vipps eller kontanter).
–Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL
Torsdagsturar 2022
Tusen tusen takk til alle som har vore guide på torsdagstur i år, ÅIL set virkelig stor pris på det Og tusen takk til alle som har blitt med på turar! Fortsett å lese Torsdagsturar 2022